Talgje grendalag si målsetjing er å leggja til rette for trivnad og kontakt mellom folket på Talgje, og arbeida for at Talgje skal vere ein god stad for alle som bur på eller besøkjer øya. 

 

Foreninga skal oppfylla målsetjinga gjennom mellom anna:

 

  • Vera inspirator, utfordra og/eller ta initiativ til arrangement og andre fellesskapsfremjande tiltak til beste for folket på Talgje - og for ulike aldersgrupper.

  • Å fungera som eit grendelag for Talgjesamfunnet og fungera som høyringsinstans for kommunen i saker som på ein eller annan måte - direkte eller indirekte, vedkjem Talgjesamfunnet.

  • Å gjera historien til øya tilgjengeleg og oppdatert for folket på øya - og for nye generasjonar.